Quantcast
Channel: Kommentarer til: Blågrønne farger vekker minner…
Viewing all articles
Browse latest Browse all 88

Av: Kjersti

$
0
0

Hei! Eg vil måle ein fondvegg på kjøkkenet. Me har gjennomgående kvitlasera slettpanel (kvisten skin gjennom) og kjøkkenet er kvitt (ca à la Letthet). På veggen bak koketoppen har me dratt golvlaminatet opp (fungerar lunande – ser slik ut:http://www.pergo.no/laminat/endless-plank-2v/L0205-01774_fjellfuru-plank), og 3/4 av veggen mellom stova/kjøkkenet består av slett mur med tunnelpeis. Denne er måla i Ascott. Ytterveggane er kledde med store vindauge/verandadør i glas, og ytste delen av rommet held større takhøgde enn resten (utstikk) så rommet er veldig ljost. Detaljar er fabrikkmåla i bomull… Sukk! :-) Kan de hjelpe meg med forslag til ein beroligande men samtidig frisk tone som kunne passe inn i paletten her..? Altså Ascott, bomull, letthet (taket ser litt gult ut mot kjøkkenet dessverre… Men berre viss ein kikkar veldig nøye) og matt gråbrunt golv? Det er veggen tvers motsatt peisen eg tenkjer på å måle. Over vask/kjøkenbenk og lang sittebenk. Eeelskar desse blågrøne tonane, og har måla vindfanget i Soft Mint. Funka finfint mot bomull!


Viewing all articles
Browse latest Browse all 88


<script src="https://jsc.adskeeper.com/r/s/rssing.com.1596347.js" async> </script>